Hopp til innhold
X
Innhald

Fossekjøparane i Høyanger

Kraftstasjon og røyrgate i Gautingsdalen. Fallrettane i Gautingsdalsvassdraget vart kjøpte av Harald Larsen i 1905. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kraftstasjon og røyrgate i Gautingsdalen. Fallrettane i Gautingsdalsvassdraget vart kjøpte av Harald Larsen i 1905. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lunde & Ramsli

(advokat Sigurd Lunde, Bergen og ingeniør Einar Ramsli, Kyrkjebø) kjøpte i 1899 fallrettar kring Vadheim og Høyanger - sjå Lensmannsson og fossespekulant.

Advokat Johan Gran

Bergen kjøpte i 1899 fallrettar i vassdrag kring Høyanger - sjå Lensmannsson og fossespekulant.

Advokat Chr. Ameln

Bergen, kjøpte i 1902 fallrettane som Lunde & Ramsli hadde kjøpt i vassdraga kring Høyanger og Vadheim - sjå Konsul Larsen og stålverksplanen og Lensmannsson og fossespekulant.

Konsul Harald Larsen

kjøpte i 1905 fallrettar i Gautingsdals- og Eriksdalsvassdraga og vassfall kring Høyanger. Søkte i 1914 konsesjon for utbygging av kraftverk og start av eit stålverk i Høyanger. Måtte gje opp planane i 1915 og overlate fallrettane til Norsk Aluminium CO - NACO, som bygde ut i 1916. (Sjå elles Industribyen Høyanger m.a. Konsul Larsen og stålverksplanen, og Lensmannsson og fossespekulant).

Skotten Edgar Ashcroft og dansken J. Jørgensen

kjøpte fallrettane i Dyrneslielva i Vadheim i 1906 og bygde i 1907 Vadheim Elektrochemiske Fabrikker. Dei fyrste åra hadde fabrikken 60 tilsette.

Ingeniør Olaf Hagen

frå Oslo kjøpte i 1911 fallrettane i Østerbøvassdraget på Høyanger sørside. Selde i 1913 til direktør Alf Frantzen, Oslo, som også kjøpte Mjølsvikvassdraget i 1917. Han selde fallrettane seinare til kraftverk på Hordalandssida. (Sjå eigen artikkel om Stølsheimen.)

A/S Høyangsfaldene

- sjå Norsk Aluminium CO - NACO skipa i 1915.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2010