Hopp til innhold
X
Innhald

Freda furetre i Måren

Denne fura vart freda i 1930. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Denne fura vart freda i 1930. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1930 vart eit furetre i Kleivastølslia i Måren freda ved Kongeleg resolusjon. I 2012 står fura framleis, rett nok på skakke. Treet er rundt 25 meter høgt og har ein omkrins på mellom fire og fem meter. Ei bjørk på Fagernes vart freda i 1922, men denne fredinga er oppheva.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016