Hopp til innhold
X
Innhald

Gamle ferdslevegar i Høyanger

Vegen gjennom Ytredalen rundt 1890. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UiB.

Vegen gjennom Ytredalen rundt 1890. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen UiB.

Frå gamalt av var det fire ferdslevegar nordover til Gaular: Den viktigaste fylgde same lina som E39 mellom Vadheim og Sande i dag. Her er vegen omtala som «allfarveg» i 1720, og i 1790-åra vert den rekna som «køyrande veg», men mest truleg var den berre ein kløvveg fram til 1837.

Vadheimsfolk nytta Sunnfjord-kyrkjer

Det gjekk også kløvjevegar frå Vadheim over Hovland til Hestad i Gaular, og folk frå Vadheimstraktene nytta i gamal tid Hestad-kyrkja i Viksdalen som kyrkje (sjå også Naturskade og ulukker i Høyanger). Nordfrå kom driftekarar med hest og bufe til Hovland i Vadheim, der kaia vart kalla «Hestebryggja».

Søkte ly i fjellstove

Det gjekk kløvje- og drifteveg frå Høyanger til Viksdalen. På denne fjellovergangen var det ei lita fjellstove som ferdafolk kunne overnatte i. Vegen vart også kalla «Tingvegen» av viksdølene, fordi det var denne ruta dei fylgde når dei skulle på Gulatinget.

Posten nordover frå Lavik

Vest for Vadheim var det gangveg frå Norevik til Guddalen. Frå Lavik og Lavikdalen var det fleire kløvjevegar over mot Steinset og Sygna i Gaular. Det var denne ruta som vart nytta av postførarane på postruta mellom Bergen og Trondheim før ein fekk bygd Den trondhjemske Postvei mellom Leirvik og Dale tidleg på 1800-talet. På sørsida av Sognefjorden var det gangstiar over til Modalen og Masfjorden, men desse hadde lita næringsmessig betydning. Her brukte ein båten for frakt og skyss sørover.

Ein av dei første vegane langs nordsida av Sognefjorden vart bygd av kaptein Ole Elias Holck frå garden hans i Alværa til Lavik. Dette var tidleg på 1800-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.10.2011