Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgiveri og tidleg handel på Kyrkjebø

Gjestgiveriet på Kyrkjebø låg mest truleg nede ved fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gjestgiveriet på Kyrkjebø låg mest truleg nede ved fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gjestgiveriet på Kyrkjebø vart opna i 1707 og hadde øl-og brennevinshandel. Anders Olsen var gjestgjevar.

Gjestgiveriet låg truleg nede ved sjøen. Sjølve hovudtunet på storgarden Kyrkjebø låg oppe ved kyrkja. Før 1600 omfatta Kyrkjebø-garden også Ljotebø, Tronvik og Ramsli, Heilt fram på 1800-talet var det byborgarar og folk frå rike embetsslekter i Sogn som eigde Kyrkjebø. Ein av eigarane var sorenskrivar i ytre Sogn, Ancher Anthoni Nansen. Truleg var det folket på hovudgarden som eigde gjestgiveriet heilt frå det kom i gang, men dei dreiv det med leigd hjelp.

I første halvdel av 1800-talet var ein bergensmann som heitte Johan Andreas Røsler ein kort periode eigar av Kyrkjebø og var gjestgjevar der. Det same var ein seinare eigar av garden, Peder Jensen Reppen, som også bygde opp att oppgangssaga på Ljotebø.

Seinare på 1800-talet dreiv Arne Larsson Ramsli (1815-1905) gjestgiveriet, og starta i 1854 også med landhandel. Larsson flytta seinare til garden Tronvik. Sonen Andreas (1847-1885) tok over og bygde ut. I tillegg til handelen og gjestgiveriet dreiv dreiv han bakeri og hadde posten. Forretninga gjekk seinare konkurs.

Også Lars E. Ramsli og ektemaken Malena Arnesdotter Ramsli skal ha drive litt handel i grenda i første halvdel av 1800-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2009