Hopp til innhold
X
Innhald

Gjestgjevarstader i Høyanger

Hansens Hotell ca. 1890. Hotellet fekk seinare namnet Vadheim Hotell. Foto: K. Knudsen. Eigar: Knudsensamlingen, UBB.

Hansens Hotell ca. 1890. Hotellet fekk seinare namnet Vadheim Hotell. Foto: K. Knudsen. Eigar: Knudsensamlingen, UBB.

Gjestgiveri og handel i Ortnevik

I Ortnevik var det gjestgiveri så tidleg som i 1664.

Gjestgiveri og tidleg handel på Kyrkjebø

Gjestgiveri på Kyrkjebø med øl- og brennevinshandel vert opna i 1707 med Anders Olsen som gjestgjevar.

Første gjestgiveriet i Vadheim

Lasse Andersson Vadheim fekk løyve til å drive gjestgiveri i Vadheim i 1801.

Hansens Hotell

i Vadheim bygd i 1886. Sjå artikkelen Sjur i Veim var grunnleggjaren av Vadheim.

Lavik Fjord Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik Fjord Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik Hotell

vart bygt ca. 1890 av Karl Kvammen.

Lavik Fjord Hotell

Sjå Lavik Hotell.

Mosemyra Camping

ved Lavik. Sjå Lavik Hotell.

Ørens Hotel på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ørens Hotel på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ørens Hotel

vart starta på Sæbøtangen i Høyanger av Hans Øren i 1920 - sjå og Forretningsfamilien Øren.

Øren Hotel

- sjå Ørens Hotel.

Eides Hotell

Eides Hotell

i Høyanger vart bygt i 1916 av Anders C. Eide frå Bygstad.

Høyanger Hotell Eides

- sjå Eides Hotell.

Høyanger Hotell

- sjå Eides Hotell.

Trædals Hotell

i Vadheim - sjå Endre Trædal landhandel.

Johs. Hellebø

starta i 1922 pensjonat i Lavik. Hellebø dreiv også møbelsnekkeri.

Ly Kafe og Pensjonat

i Høyanger vart starta i 1925 av Gurid Vangdal. Pensjonatet hadde 13 senger.

På dette fotoet frå 1930-talet set vi Ly Kafe og Pensjonat lengst til høgre. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette fotoet frå 1930-talet set vi Ly Kafe og Pensjonat lengst til høgre. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nobel Kafe & Pensjonat

vart starta i 1928 av Martin Midthjell. Pensjonatet hadde 10 gjesterom. Firma Sigurd Sæbøe leigde og dreiv kafeen frå 1958 til 1968, då kafeen vart nedlagd.

Vadheim Fjordstue Hotell

vart bygt i 1979 av Børge Leif Forthun og ektemaken Marie Kvammen.

Vadheim Fjordhotell

- sjå Vadheim Fjordstue Hotell.

Vadheim Fjordhotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vadheim Fjordhotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anton Pub

- sjå Vadheim Fjordstue Hotell.

Nesheim Camping

på Hest vart starta i 1982.

Les meir om: Industri og næring i Høyanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2011