Hopp til innhold
X
Innhald

Helga Hjetland

Helga Hjetland. Foto: Haakon Dirk Blaauw, NRK.

Helga Hjetland. Foto: Haakon Dirk Blaauw, NRK.

Helga Hjetland fødd 1948 på Sandane, busett i Høyanger. Lærar og organisasjonskvinne.

Ho arbeidde som lærar ved Løvås skole i Bergen før ho vart lærar og seinare rektor ved Kyrkjebø skule i Høyanger.

Ho var fylkesleiar i Norsk Lærarlag og landsleiar i same organisasjon frå 1994, før ho i 2001 vart leiar av Utdanningsforbundet då Norsk Lærarlag og Lærerforbundet slo seg saman. Dette vervet hadde ho til 2009.

I 2007 vart ho vald til styreleiar i FN-sambandet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021