Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger Apotek

Høyanger Apotek. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger Apotek. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vik Apotek i Vik vart opna i 1921 etter at bygda vann ein hard lokaliseringskamp om apoteket mot Kyrkjebø kommune som ville ha apotek i Høyanger.

Høyanger gjorde i 1954 eit mislukka forsøk på å få flytta apoteket frå Vik til Høyanger, men fekk i staden sitt eige apotek som filialapotek under Vik i 1955. Høyanger apotek kom i drift i 1957.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2010