Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger Radio

Høyanger Radio og TV heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger Radio og TV heldt til i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Einar Høyvik frå Balestrand starta radioforretning og radio verkstad i Høyanger i 1946 under firmanamnet Høyanger Radio. Før han kom til Høyanger hadde Høyvik gått i lære på radioverkstaden til Sigurd Solberg i Florø. Ei tid etter starten leigde han lokale i rådhuset for butikk og verkstad, og deretter i Berge-huset.

Einar Høyvik var sterkt oppteken av fjernsynet då det kom kring 1960, og endra då firmanamnet til Høyanger Radio og TV. Høyvik sette opp fleire private omformarar oppe i fjellet slik at det skulle verte mogeleg for høyangerfolk å ta inn dei første, flimrande fjernsynssignala frå sendarane på Ulriken og Gulen.

Einar Høyvik og ektemaken Gunnvor dreiv Høyanger Radio og TV til 1985 då dei overlet butikken til nevøen Geir Høyvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2010