Hopp til innhold
X
Innhald

Høyangertunnelen

Høyangertunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Høyangertunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Høyangertunnelen på 7543 meter vart opna i 1982 av Kong Olav V. Med Høyangertunnelen fekk indre Sogn heilårs vegsamband med resten av fylket utan den lange ferjestrekninga Kongsnes-Nordeide. Men striden om kvar tverrsambandet gjennom Sogn og Fjordane fylke skulle gå, var hard. Kampen stod mellom Høyangertunnelen og "Fjærlandslina".

"Sognefjordslina" og vekstsenteret Førde

Det vart ”fjordlina” med Høyangertunnelen som til slutt vann. Men Høyangertunnelen hadde eit førespel: Riksvegen frå Balestrand til ferjekaia på Kongsnes i Lånefjorden vart opna i 1971. Denne fjordlina kom som eit resultat av at Staten peika ut Førde som vekstsenter i 1965. Førde låg midt i passarholet i Sogn og Fjordane og vart tiltenkt rolla som lokomotiv for vekst i eit fråflyttingstruga fylke. Det vart lokka med billege tomter og store tilskot for dei som ville etablere seg i Førde. Akergruppen hadde ei tid planar om å byggje stor motorfabrikk i Førde. Men dette konsernet og andre austlandsbedrifter sette som krav for etablering at Førde fekk betre veg mot Austlandet. Difor vart "fjordlina" frå Balestrand og vestover til eit nytt ferjeleie på Kongsnes i i Lånefjorden forsert. Ferjestrekninga Kongsnes-Nordeide tok 45 minuttar og var ei radikal nedkorting i høve til ferjetida frå Nordeide til Hella.

Vegen mellom Lånefjorden og Nessane i Balestrand kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen mellom Lånefjorden og Nessane i Balestrand kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Strid om lina for tverrsambandet

Men framleis stod ein viktig etappe att før vegsambandet langs Sognefjorden var eit komplett, heilårs tverrsamband mellom indre Sogn og resten av fylket: Det var å få erstatta den lange ferjestrekninga Kongsnes-Nordeide med tunnel frå Lånefjorden til Høyanger. Men då framlegget om ein over 7000 meter lang Høyangertunnel kom på bordet, dukka ein gamal vegdraum litt lengre nord i fylket opp på nytt: Eit tverrsamband mellom Fjordane og indre Sogn gjennom Fjærland. Den første visjonen om å knyte fylket saman gjennom Fjærland dukka opp tidleg på 1900-talet då det var snakk om å byggje eit vestlandsk jernbanenett. Då lanserte stortingsmann Anders J. Bøyum frå Fjærland planen om ein jernbanetunnel under Jostedalsbréen frå Fjærland til Jølster. I kampen om tverrsambandet på 1970-talet tok tilhengarane av ”Fjærlandslina” opp att den gamle idéen om ein tunnel under Jostedalsbréen, men denne gongen med ein vegtunnel under bréen mellom Jølster og Fjærland, og så veg langs austsida av Fjærlandsfjorden til Hella. Veg gjennom Sogndalsdalen var lite framme i diskusjonen på 1970-talet.

Kong Olav opnar Høyangertunnelen i 1982. Til venstre vegdirektør Eskild Jensen, til høgre vegsjef Rasmus G. Værn. Foto: Gerhard Haugland.

Kong Olav opnar Høyangertunnelen i 1982. Til venstre vegdirektør Eskild Jensen, til høgre vegsjef Rasmus G. Værn. Foto: Gerhard Haugland.

Det vart både og

Både ”Høyangerlina” og ”Fjærlandslina” hadde taleføre aksjongrupper som sende delegasjonar til Oslo. Stortinget vedtok i 1973 å satse på Høyangertunnelen, men ville samstundes gje Fjærland vegutløysing med tunnel til Jølster. Men statusforskjellen på Høyangertunnelen og Fjærlandstunnelen skulle markerast ved at Fjærlandstunnelen berre skulle byggjast så brei som ein vanleg bygdeveg, og med møteplasser inne i tunnelen! Men før tunnelarbeidet under Jostedalsbréen starta, hadde lokale politikarar med fylkesordførar Ola M. Hestenes i spissen greidd å få endra status for anlegget Skei-Fjærland, slik at Fjærlandstunnelen (6397 meter) vart bygd med riksvegbreidde. Fjærlandsunnelen vart opna i 1986, og tverrsambandet med riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen i 1994.

Ferjestrekninga Kongsnes-Nordeide vart lagd ned då Høyangertunnelen vart opna i 1982.

Nordeide ferjekai vart ein velkjend plass for dei som skulle til indre Sogn frå resten av fylket før 1982. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordeide ferjekai vart ein velkjend plass for dei som skulle til indre Sogn frå resten av fylket før 1982. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2010