Hopp til innhold
X
Innhald

Ikjefjord ungdomslag

Ikjefjord grendahus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ikjefjord grendahus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ikjefjord ungdomslag vart skipa i 1923 etter opptak av lærar Lasse Hovlandsdal. Det heitte i den første tida Eikefjorden ungdomslag fordi bygda tidlegare gjekk under namnet Eiken og fjorden vart kalla Eikefjorden.

I mellomkrigstida hadde ungdomslaget faste diskusjonskveldar over ulike aktuelle tema i tida. Dette var ein tradisjon som ein finn att i dei frilynde ungdomslaga heilt tilbake til slutten av 1800-talet.

Nokre år tidlegare hadde det vorte drive eit ungdomslag på sørsida som heitte Trædal og Strendene ungdomslag. Det var også eit mållag som heitte Trædal Mållag som var aktivt ei tid. Ein sentral person i desse laga var seinare stortingsmann Lasse Trædal.

Ikjefjord ungdomslag bygde ungdomshus i 1935. Arkitekt var Lars Norevik som også har teikna kyrkja i Ortnevik og ungdomshuset på Nese i Arnafjorden. Ungdomshuset i Ikjefjorden skulle vere svært likt det som framleis står på Nese. Ungdomshuset i Ikjefjorden vart rive nokre år før det nye Ikjefjord grendahus vart bygt i 1988.

I grendahuset heldt postkontoret i Ikjefjorden til fram til det vart nedlagt i 1990.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.11.2009