Hopp til innhold
X
Innhald

Industribyen Høyanger

Høyanger sett frå Bugeheia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger sett frå Bugeheia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyangar må ha fortona seg som eit Soria Moria-slott i eit fattig og lite utvikla fylke då industribyen voks fram inne i den bortgøymde og veglause fjordbotnen kring 1916. Anleggsbus og innflyttarar strøymde til i hundretal, noko som vart møtt med skepsis og mistru av det gamle bondesamfunnet. Spenningane mellom radikale og borgarlege skulle kome til å prege dagleglivet og forme Høyanger-samfunnet i meir enn eit halvt hundreår. Høyanger sentrum er med på Riksantikvaren si liste over byområde av kulturhistorisk interesse.

Bygda før industrien kom

Bygda før industrien kom

I 1910 budde det kring 120 menneske i den einbølte og veglause bygda inst i Høyangsfjorden. Den vart på folkemunne berre kalla «opp fjorden».
Høyanger var delt mellom gardane Sæbø, Øyra (Øren), Hjetland, Håland og Dale. Kyrkjebø var kommunesenteret med kyrkje, handelsmenn, postopneri og dampskipsekspedisjon. Fylkesbaatane gjorde berre tilfeldige turar inn til «Fjorden» før dampskipsekspedisjon og brevhus vart opna i 1913.

Konsul Larsen og stålverksplanen

I 1905-1906 sikra konsul Harald Larsen seg alle fallrettane til fossane nærast Høyangsfjorden og dei store vassdraga mot nordaust, Gautingsdalsvassdraget og Eriksdalsvassdraget.

Stadnamnet Høyanger

Før industriutbygginga vart grendene i botnen av Høyangsfjorden berre kalla «fjorden» i dagleg tale. Omlag på konsul Larsens tid dukka stadnamnet Høyanger opp - først med skrivemåten Høiangr ved ei tomteutskiljing på garden Sæbø, men seinare brukt i konsul Larsens flittige korrespondanse med styremaktene. Høyanger Ungdomslag gjorde også framlegg om at bygda måtte bli kalla Høyanger. I 1916 fekk stadnamnet Høyanger offisiell status.

Bygginga av slaggomnshuset til oksidfabrikken i Høyanger i 1928. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bygginga av slaggomnshuset til oksidfabrikken i Høyanger i 1928. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bondesamfunnet skeptisk

Lokalt vart planane om industriby med innflytting og gode løner sett på med skepsis: Det bondedominerte kommunestyret gjekk imot konsesjon, m.a. fordi dei ottast at høge industriløner skulle lokke dei lågtlønte gardsdrengane deira bort frå jordbruket! I Stortinget var det også skepsis, og søknaden frå Høyanger vart ikkje godkjend før i 1914.

Over og ut for Larsen

Men like etter braut første verdskrigen ut i Europa, og dette skulle skiple alt: Konsul Larsen miste støtten frå finansfolka, som ikkje ville risikere å bli sitjande med eit stålverk i Høyanger utan kundar. No var det betre å satse på det nye og lette «krigsmetallet» aluminium, meinte mange. Konsul Larsen trekte seg ut av Høyanger som ein skuffa mann.

I 1915 selde han fallrettar og tomteland i Høyanger til Høyangfallene A/S og A/S Norsk Aluminium Compani (NACO) for 1,8 millionar kroner. Han tok med seg stålverksideen inn til Fortun i Luster, der han hadde kjøpt Fortuns-vassdraget. Her bygde han i 1917 eit kraftverk og eit lite stålverk som dreiv prøvedrift med svenske arbeidarar ei tid, inntil det vart lagd ned etter få år då smelteovnen sprakk og brann opp.

Høyanger med verket - truleg på 1950-talet. Foto: Normann. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Høyanger med verket - truleg på 1950-talet. Foto: Normann. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Les meir om: Historia i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.06.2012