Hopp til innhold
X
Innhald

Jekteforliset i 1785

I 1785 drukna seks menn frå sørsida då jekta deira forliste i ein orkan ved Nesje saman med fire andre jekter på veg til Bergen. Alle om bord på dei fem jektene skal ha kome bort, men det er ukjent kvar fire av jektene kom frå.

Tre av dei fem på jekta frå Fuglesetfjorden var frå garden Føsund, to frå Førde og ein frå Hest.

Også på land gjorde dette uveret stor skade på gardsbygningar, naust og båtar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2009