Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Myren

Den tidlegare Myren-butikkeni Ikjefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare Myren-butikkeni Ikjefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johannes Myren starta i 1924 landhandel i Ikjefjorden, og dreiv også handel med skinn. Han dreiv ei tid i ei lita stove som vart flytta ned til kaia. Eine sonen til Johannes, Mathias Myren, kom med i drifta heilt frå ungdomen av, og på 1950-talet bygde han nytt og større forretningsbygg. Mathias Myren dreiv butikken til ut på 1960-talet, då butikken i sju-åtte år vart leigd ut til Svein Høyland. Frå 1975 til 1981 dreiv broren til Mathias Myren, Johannes Myren, forretninga til den vart lagd ned i 1981. I tillegg til landhandelen dreiv Myren-familien også dampskipskaia og postkontoret. Litt lengre ute på stranda hadde Anders E. Sørevik ein landhandel. Denne vart seinare teken over av Kåre Nyheim, og deretter av Einar Eithun. På slutten var det handelsmannen litt lengre inne i Ikjefjorden, Mathias Myren, som overtok denne butikken og heldt den open for handel nokre kveldar i veka.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2010