Hopp til innhold
X
Innhald

Kirkebø Aktieprivatbank

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling held til i det tidlegare Sogn Dagblad-bygget i Storgata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling held til i det tidlegare Sogn Dagblad-bygget i Storgata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kirkebø Aktieprivatbank vart skipa i 1892 etter initiativ frå ordførar Lars Ramsli og Anders P. Bjordal. Privatbanken vart til etter at ein hadde mislukkast med å skipe ein sparebank.

Banken fekk kontorstad i Bjordal på sørsida, og Anders P. Bjordal vart første banksjef. Privatbanken hadde store tap i dei økonomiske nedgangstidene på 1920-talet, og då det kom krav om auka aksjekapital, vedtok styret i 1927 å leggje ned privatbanken, og i staden skipe ein sparebank. Kyrkjebø Sparebank vart skipa i 1927.

Kyrkjebø Sparebank og sparebanken i Lavik gjekk inn i Sunnfjord Sparebank i 1981, og frå same året fekk sparebanken kontor i Høyanger. I 1988 var Sunnfjord Sparebank den største byggeklossen då Sparebanken Sogn og Fjordane vart skipa. I dag har Sparebanken Sogn og Fjordane filialar i Høyanger og Lavik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 07.01.2010