Klötzer vert sjef

Helmut Klötzer hadde vorte såra i aksjonen mot Tælavåg i 1942, og hatt ein kort sjefsperiode for Werkschutz ved Nordag i Årdal (sjå Krigshistoria i Årdal). No fekk den frykta torturisten kommandoen over Gestapo i Sogn og Fjordane saman med nestleiaren sin, Georg Eisswein. Den svarte «Gestapo-skøyta» dei brukte på aksjonane sine var frykta over heile fylket. Den vart brukt til forhøyr og fangetortur.
Torturkammeret i Høyanger
I hovudkvarteret i Kloumanns allé vart fangane etter mishandling hengde med bakbundne hender i ein krok i taket. Nokre av dei mange som vart hengde opp der, var Oddny og Anton Hollevik som vart aresterte på Staveneset etter ein Gestapo-aksjon i 1945. – Les meir om denne hendinga under Krigshistoria i Askvoll. Bruk av isvatn vekselvis med intens varme frå ein stråleomn mot hovudet var også ein mykje brukt torturmetode av Klötzer og co. Ein av dei som fekk store hovudskadar etter denne torturmetoden, var Hans Faleide frå Sogndal. Han arbeidde i fylkesforsyningsnemnda og vart ein viktig kurér for Milorg i fylket vinteren 1945. Etter arrestasjonen vart Faleide svært grovt torturert m.a. med isvatn og stråleomn mot hovudet, og døydde like etter krigen av skadane.
Les meir om:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 24.11.2011