Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunepolitikk og interessekamp

Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Fram til 1922 var det politiske landskapet i Kyrkjebø kommune prega av partiet Venstre og bondeinteressene.

Bønder mot innflyttarplaga

Kommunestyret hadde rådd ifrå at det vart gjeve konsesjon til kraft- og industriutbygging i Høyanger i 1914: Innflytting kunne føre med seg mykje lauslivnad, og dessutan kunne industrien ta frå bøndene den rimelege drengehjelpa når gardsdrengane oppdaga at dei fekk betre betalt på anlegga i Høyanger!

Bondepartiet vart skipa i Noreg i 1920 (frå 1959 Senterpartiet), og ved kommunevalet året etter fekk «Bondepartiets fellesliste» reint fleirtal og både ordførar og varaordførar i Kyrkjebø kommune. Men i 1925 tok arbeidarane i industribyen Høyanger over i kommunalt styre og stell.

Aksjon for eigen by-kommune 1920

Dei sterke motsetningane mellom det gamle bondesamfunnet og den nye industribyen i Høyangsfjorden toppa seg i 1920. Då kravde «Høyanger Skattyterforening» at Høyanger vart fråskild Kyrkjebø som eigen kommune. Ballen vart spela over til ei kommunal nemnd, som støtta framlegget om deling. Dei økonomiske nedgangstidene som sette inn like etter 1920 skapte krise for aluminiumsverket. Utan ei levedyktig hjørnesteinsbedrift var det uaktuelt å skipe eigen kommune for den nye industristaden. Men konflikten og spenningane levde vidare.

Bøndene krev kommunedeling 1923

I 1923 kom ein ny aksjon for kommunedeling - men denne gongen frå «den andre sida» - Bondelaget. Dei ottast at Arbeiderpartiet skulle ta makta i kommunepolitikken (sjå ovanfor) i Kyrkjebø. Ei ny kommunal nemnd vurderte framlegget, og konkluderte med at kommunedeling var uaktuelt.

Nytt krav om deling

Bondelaget freistar på nytt å få delt kommunen i 1929, utan resultat. Frå begge sider var det såleis i lang tid spenningar mellom det gamle bondedominerte samfunnet som ynkste å skilje lag med dei radikale innflyttarane i Høyanger, og industribygda Høyanger som helst ville bruke skatteinntektene på seg sjølve og sleppe den kostbare drifta ute i småbygdene på begge sider av fjorden. Denne spenninga mellom tettstad og utkant har vore levande heilt til våre dagar, ikkje minst i skulesentraliseringssaker.

Kommunistasne med liste

Det Norske Arbeiderparti vart skipa i 1887. Det lokale partilaget i Høyanger vart skipa i 1918. I 1923 vart den norske arbeidar-rørsla splitta. Kommunistane i Høyanger braut ut av Arbeiderpartiet og skipa eige parti, med eiga ungdomsgruppe og avis, «Fritt Folk» (sjå Aviser og media i Høyanger.)

I Kyrkjebø kommune stilte både Arbeiderpartiet og kommunistane liste i 1925, dei siste under nemninga «Arbeidar- og småbrukarliste». Sosialistane og bøndene fekk inn kvar sine tolv. Ordførarvalet vart avgjort ved loddtrekking, som fall ned på Arbeiderpartimannen August Gunnarskog. Sidan har venstresida med Arbeiderpartiet i spissen hatt den politiske makta i Kyrkjebø, seinare Høyanger kommune.

Sosialistar mot kommunistar

Som i landet elles, var det hard kamp om makta mellom Arbeiderpartifolk og Kommunistane både i politikk og fagforeningar. I 1937 kom det likevel til forsoning i Høyanger, då fagforeninga greidde å få dei to partia til å stille fellesliste ved kommunevalet. Det same hende i 1945, men i 1947 loga den gamle striden opp att, inntil det lokale kommunistpartiet tapte oppslutning, og tidlegare sympatisørar gjekk til Sosialistisk Venstreparti i 1973.

Andre historiesider

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2011