Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Høyanger

Kong Haakon og prinsesse Astrid (fremst) på omvising på NACO under vitjinga i 1949. I gruppa bak ser vi at prins Harald og prinsesse Ragnhild hjelper mor si, kronprinsesse Märtha, over eit trallespor. Ukjend fotograf. Eigar: Jan Reidar Njøs/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Haakon VII

vitja Høyanger i 1949 saman med resten av kongefamilien. Dei nytta kongeskipet ”Norge” under vitjinga.

Kronprins Olav og kronprinsesse Märtha stig i land i Høyanger i 1933. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kronprins Olav og kronprinsesse Märtha stig i land i Høyanger i 1933. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Olav V

vitja Høyanger som kronprins saman med kronprinsesse Märtha i 1933 i samband med ei varemesse for Sogn. Dei var også innom krinsturnstemnet i bygda. Olav og Märtha vitja også industribyen i 1949 saman med kong Haakon VII. Han vitja som konge Vadheim i 1958 i samband med 100-årsjubileet til Fylkesbaatane, og Høyanger 25. mai 1982 då han opna Høyangertunnelen.

Kong Olav opnar Høyangertunnelen i 1982. Til venstre vegdirektør Eskild Jensen, til høgre vegsjef Rasmus G. Værn. Foto: Gerhard Haugland.

Kong Olav opnar Høyangertunnelen i 1982. Til venstre vegdirektør Eskild Jensen, til høgre vegsjef Rasmus G. Værn. Foto: Gerhard Haugland.

Kong Harald V

vitja Høyanger som prins i 1949 og som kronprins i 1979 saman med kronprinsesse Sonja.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 31.08.2010