Lasse Trædal var ein norsk politikar, skulemann og gardbrukar.
Trædal var stortingsrepresentant (Venstre) i 1900–1903 og 1910–1918, og var ein svært profilert venstremann både i heimfylket og på Stortinget.
I tillegg til å vere aktiv målmann var han også ein sentral skikkelse i skyttarlagsrørsla i 1880-åra, og gjorde inntrykk både som avisskribent og folketalar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.