Hopp til innhold
X
Innhald

Lokal straumforsyning i Høyanger

Måren Kraftverk vart opna i 2010 Kraftstasjonen ligg like ved kaia i Måren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Måren Kraftverk vart opna i 2010 Kraftstasjonen ligg like ved kaia i Måren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På sørsida vart dei større vassdraga Østerbøvassdraget og Mjølsvikvassdraget kjøpt av fossespekulantar i 1911 og 1917, og kom ikkje bygdefolket til gode i form av lokal straumforsyning.

Dei første kraftverka på sørsida kom i Ortnevik og Bjordal i 1923. Dei lokale verka var i drift til 1958. I Mjølsvik var det bygd kraftverk i 1939.

Demninga til Måren Kraftverk i Måredalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Demninga til Måren Kraftverk i Måredalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svultingen L/L skipa 1939 og bygde den første kraftstasjonen ved Lavik i 1941. Denne forsynte store deler av ytre Sogn og Sunnfjord. M.a. bygdene i tidlegare Lavik kommune fekk krafta derifrå, distribuert av Lavik Kraftlag.

Storfossen i Måren i 2011, etter reguleringa av vassdraget. I vårløysinga er det framleis god vassføring i fossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Storfossen i Måren i 2011, etter reguleringa av vassdraget. I vårløysinga er det framleis god vassføring i fossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Måren fekk elektrisitet frå eige kraftverk i 1953, som gjekk inn i Høyanger Energiverk i 1988. I 2010 stod eit nytt Måren Kraftverk ferdig til produksjon.

På sørsida av Sognefjorden gjekk bygdene i 1945 saman og skipa L/L Kyrkjebø Søre Kraftlag, og frå 1958 overtok dette laget kraftforsyninga på sørsida. Krafta kjøpte laget frå Sognekraft sin kraftstasjon i Vik.

Reparasjon av kraftline i Bjordal i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reparasjon av kraftline i Bjordal i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1965 fekk Bergenshalvøen Kommunale Kraftselskap - BKK - konsesjon på overføring av Førdevassdraget på sørsida av Sognefjorden til kraftverk på Hordalandssida. Det vart sett vilkår om at BKK som motyting skulle forsyne sørsida med straum.

På nordsida vart dei lokale kraftlaga samla til Høyanger Energiverk i 1988. I 1999 overtok BKK også Høyanger Energiverk.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.05.2011