Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Kirkebø

Magnus Kirkebø (1865-1931) starta i 1885 landhandel på Kyrkjebø. Han konkurrerte i 1886 med lensmann Lars Ramsli om å bli ekspeditør for Fylkesbaatane. Lars Ramsli vann og bygde kai for fylkesdampen. Men Kirkebø bygde eiga kai, og vart ekspeditør for dampskipet «Jotunheim», som fram til hundreårsskiftet dreiv rutefart på Sogn i tevling med Fylkesbaatane.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008