Hopp til innhold
X
Innhald

Malene Haukøy

Malene Haukøy. Foto: Daniel Kvalvik.

Malene Haukøy. Foto: Daniel Kvalvik.

Malene Haukøy fødd 1991 på Kyrkjebø. Skialpinist. Ho tok bronse i det første EM i såkalla skialpinisme som vart arrangert i Italia i 2009.

Skialpinisme er ei øving der deltakarane går opp bratte fjellsider og så køyrer nedatt. Haukøy fekk plasseringa i øvinga oppstigning på 600 høgdemeter.

I 2013 vart ho norsk meister i randonee, og ho vann norgescupen. Same året tok ho den første norske verdscupsigeren i randonee i eit renn i Sveits.

Malene Haukøy set utfor. Foto: Daniel Kvalvik.

Malene Haukøy set utfor. Foto: Daniel Kvalvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016