Hopp til innhold
X
Innhald

Mons A. Ringereide

Mons A. Ringereide (1868-1945) frå Lavik. Gardbrukar og politikar. Ordførar i Lavik kommune 1920-1925. I 1922 fekk Ringereide skipa ein kommunal husmorskule i Lavik. Skulen fekk støtte av Staten, men når støtta ikkje dekte driftsutgiftene, betalte Ringereide skuledrifta av eigne midlar. (Sjå Husmorskulen i Lavik.)

Seinare fekk han fylket til å bere det meste av utgiftene, men kommunen stod likevel ansvarleg for drifta i dei få åra husmorskulen var i drift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008