Hopp til innhold
X
Innhald

Motstandskamp og boikott

Hansen & Sønn Blikkenslagerverksted på Sæbøtangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hansen & Sønn Blikkenslagerverksted på Sæbøtangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den politiske venstresida i Høyanger var blant dei første som starta organisert sivil motstand mot okkupasjonsmakta etter krigsutbrotet. Særleg aktive var kommunistane.

Det vart spreidd illegale flygeblad og heimetrykte aviser, den mest kjende var «Fri Fagbevegelse». På Myrekrok vest for Vadheim vart det gøymt eit større våpenlager i ei steinur.

I verkstaden til blikkenslager Karl Hansen på Sæbøtangen var det gøymt våpen og radioar i veggar og golv.

Nazistane sette inn ein «komissær» for å ta kontroll over fagforeninga, men arbeidarane boikotta alle tillitsverv, og nazistane måtte gje opp. Arbeidarane ved verket hadde fleire gonger under krigen ulovlege pengeinnsamlingar for å hjelpe arresterte kameratar og familiane deira.

Les meir om krigshistoria i Høyanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010