Hopp til innhold
X
Innhald

NACO ut - ÅSV inn

Kaianlegget til Høyanger Verk i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaianlegget til Høyanger Verk i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1967 vart ein stor del av norsk aluminiumsindustri seld ut av landet. Då overtok det kanadiske aluminiumskonsernet Alcan halvparten av aksjane i Årdal og Sunndal Verk, som til då hadde vore eit heileigd statsselskap. I byte overtok ÅSV frå Alcan halvparten av aksjane i NACOs aluminiumsverk i Høyanger og i vidareforedlingsfabrikken Nordisk Aluminiumsindustri i Holmestrand. Litt seinare same året sikra ÅSV seg full kontroll over begge selskapa i Høyanger og Holmestrand.

I 1975 kjøpte den norske staten tilbake halvparten av ÅSV-aksjane som dei hadde selt til Alcan. Staten fekk dermed full kontroll over ÅSV på nytt. Heimkjøpet vekte sterk politisk strid. For regjeringa Bratteli og dåverande industriminister Ingvald Ulveseth heldt striden på å ende med regjeringskrise. (Sjå meir om Alcan-tida under Historia i Årdal.)

Ei av ei største moderniseringar og utvidingar ved Høyanger Metallverk kom med A-hallen i 1981, som m.a. fekk straum frå dei nye kraftanlegga i Gautingsdalsvassdraget nordaust for Høyanger.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.08.2010