Hopp til innhold
X
Innhald

Nordeide

Nordeide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordeide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den første stoppestaden på vestsida av Høyangsfjorden var i Bergsvika som ligg eit stykke nordaust for Nordeide. Ekspeditøren Lars Berge dreiv også litt landhandel i eit stort naust. Men då Andreas A. Nordeide starta handel på Nordeide i 1895, var han ikkje sein om å søkje om rutestopp der. I 1902 vart Nordeide ekspeditør, og i 1907 bygde han kai. Han dreiv elles skyssbåttrafikk mellom Nordeide og Høyanger før bilvegen var ferdig i 1934.

Frå 1945 vart det sett inn ei bilførande rute frå Høyanger og Nordeide til Leikanger. Då vegen frå Leikanger til Hella vart opna i 1956, vart denne ferjeruta nedkorta tilsvarande. Ferjeruta Hella-Nordeide gjekk berre i dei månadane då Gaularfjellsvegen var vinterstengd.

I 1949 vart kaia på Nordeide utvida slik at dei største rutebåtane som ”Sognefjord” og ”Sunnfjord” kunne leggje til. Desse gjekk i den såkalla snøggbåtruta til Bergen. Fjordbussen ”Balholm” gjekk elles i ei rute på Sognefjorden frå Nordeide til Flåm, der det var korrespondanse med Flåmsbana.

I 1968 fekk Nordeide ny kai og ferjelem, og då riksvegen austfrå var opna til Kongsnes i 1971, vart ferjestrekninga korta ned til Nordeide-Kongsnes. Denne ferjestrekninga vart nedlagd då Høyangertunnelen vart opna i 1982.

I 1982 vart det også opna eit ferjesamband frå Nordeide til Svartemyr på sørsida av Sognefjorden. Dette ferjesambandet vart lagt ned i 1992, men ferjesambandet frå Nordeide til Ortnevik, som er den austlegaste bygda på Høyanger sørside, vart halde oppe og er i dag trafikkert av den bilførande rutebåten ”Sylvarnes”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2009