Hopp til innhold
X
Innhald

Olai Hjetland

Olai Hjetland.

Olai Hjetland.

Olai Hjetland (1888-1977) frå Høyanger. Bonde, banksjef og politikar for Bondepartiet. Han var den første i Sogn som starta med «kulturbeite» for husdyra.

Hjetland var kasserer i Høyanger Privatbank i 1918, adm. dir. i Vadheim Privatbank og Høyanger Privatbank 1936 - 1959. Han vart i 1928 medeigar i Høyanger Trelastkompani.

Saman med A.C. Eide starta han i 1916 serveringssstaden Høyanger Matstove i ei gamal røykstove i Høyanger. Hjetland sat i kommunestyret i 20 år og i skulestyret i 12 år.

Vararepresentant til Stortinget 1954 - 1957. Hjetland hadde m.a. styre- og leiarverv i Vestlandsbanken, Vestlandske Kjøpelag og Vestlandske Bondestemna.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2009