Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Helge Førde

Olav Helge Førde. Foto: Helse Nord.

Olav Helge Førde. Foto: Helse Nord.

Olav Helge Førde fødd 1946, frå Høyanger, busett i Tromsø. Professor i medisin og dekanus ved Institutt for samfunnsmedisin ved Universitetet i Tromsø. Cand. med. 1971, doktorgrad 1979.

Etter m.a. studieopphald ved Harvard School of Public Health vart Førde professor i samfunnsmedisin ved UiT i 1985. Han har m.a. arbeidd med coronar epidemiologi, evaluering av medisinsk diagnostikk og behandling og etikk knytt til epidemiologi og førebyggjande medisin.

Førde har vore sentral i studieplanarbeidet ved UiT og i Tromsøundersøkelsen som i over 30 år har kartlagt helsetilstanden for folket i Nord-Noreg. Han gjorde mykje for å få til utplassering av medisinarstudentar ved sjukehusa i landsdelen. Førde har hatt ei rad tillitsverv innan universitets- og forskingsmiljø.

Han var første styreleiaren i Helse Nord RHF frå 2001 til 2005, og sidan 2008 nesteleiar i styret for Helse Nord. Tildelt Anders Forsdahls Minnepris i 2008 for framståande innsats i helsetenesta i Nord-Noreg.

Bror til Einar Førde og Reidun Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2010