Hopp til innhold
X
Innhald

Oppdrettspionéren i Bjordal

Foring av fisk på Eros Laks på 1960-talet. Privat foto.

Foring av fisk på Eros Laks på 1960-talet. Privat foto.

Osland Havbruk AS i Bjordal vart skipa av oppdrettspioneren Erling Osland i 1962. Selskapet heitte då Eros Laks. Erling Osland hadde sidan 1950-talet gjort forsøk med oppdrett av regnbogeaure, og var den første i Noreg som greidde å gjere fiskeoppdrett lønsamt.

Enno merke etter første merdene

Langs stranda på Osland kan ein framleis sjå merke etter dei første oppdrettsmerdene som Erling Osland bygde. Her står framleis att nokre støypte landfeste og stolpar som er sette ned i den grunne fjæra. Garnposane vart festa til desse stolpane i den første tida før ein tok i bruk merder som vart haldne oppe med flyteringar og pongtongar ute på sjøen.

Stamfiskanlegg

Erling Osland bygde også stamfiskanlegg, pakkeri og fryseri i Bjordal, og skipa på 1970-talet eit eige selskap som driv settefiskanlegg og fiskeoppdrett i Matre i Nordhordland. I dag heiter verksemda Osland Havbruk AS og er med i gruppa HAVdyrkerne (sjå Flora kommune). Osland-familien har også store eigarpostar i andre selskap i havbruksnæringa.

Nedlagt fryseri

Osland Havbruk hadde i 2006 17 tilsette og ei omsetning på over 66 millionar kroner. I 2009 hadde omsetninga stige til 120 millionar kroner. Selskapet driv anlegg for stamfisk, settefisk og oppdrettsfisk. Fryseriet på Osland er nedlagt og lokala leigde ut som næringsbygg til andre bedrifter.

Osland Havbruk i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Osland Havbruk i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2007 fekk Osland Havbruk AS den første som fekk Fiskeridirektoratet sin nyskipa Miljøpris for framståande miljøinnsats innan akvakultursektoren.

Kjøpte settefiskanlegg

I 2011 kjøpte Osland Havbruk eit settefiskanlegg på Sørebø av Marine Harvest. Dette anlegget har fire tilsette og omset for om lag 20 millionar kroner i året. Anlegget vart bygt i 1986 av Håkon Østerbø og Åge Førde og seinare selt til Marine Harvest.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2011