Hopp til innhold
X
Innhald

Postrutene langs Sognefjorden

Den første postruta langs Sognefjorden starta i 1836. Før den tid var det berre tilfeldig postombæring til bygdene frå hovudpostruta, som fylgde Den Trondhjemske Postvei over Rutledal og Leirvik lenger vest i fjorden.

Innover Sognefjorden kom det postopneri i Leirvik, Lavik, Måren, Flesje (ved Balestrand) og Frønningen. Fire mann frakta posten i ein stor robåt. I 1843 vart dampskipet «Constitutionen» sett inn på hovudpostruta Bergen-Lærdal. Den hadde stopp innover fjorden. Den vart avløyst av «Patriot», som gjekk fram til 1857. Då overtok det nyskipa og fylkeseigde ruteselskapet Nordre Bergenhus Amtsbaater (Fylkesbaatane).

Kyrkjebø fekk postopneri 1876, og Bjordal som det første på sørsida kom i 1883.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.05.2008