Hopp til innhold
X
Innhald

Reidun Førde

Reidun Førde, professor i medisin, arbeider med medisinsk etikk.

Reidun Førde vart fødd i 1950 i Høyanger og er busett i Oslo. Ho er syster til Einar Førde. Førde tok medisinutdanninga i Oslo, og vart cand. med. i 1978. Ho arbeidde deretter med indremedisin, gynekologi og allmennpraksis ved sjukehusa i Moss og Sarpsborg, og hadde allmennpraksis  i Rygge og ved Frogner Helsesenter i Oslo. Frå 1988 var ho stipendiat, og ho fullførte doktorgraden i 1995. Frå 1995 var ho seniorforskar ved Legeforeningen sitt forskingsinstitutt for medisinsk etikk. Frå 2000 har ho vore professor ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo. 

Reidun Førde var medlem av rådet for legeetikk frå 1994 til 2005, dei siste åtte åra som leiar. Ho var medlem av utvalet som skulle utgreie kriterium til prioritering i helsevesenet i 1996–1997, og medlem av Nasjonalt råd for prioritering frå 2000 til 2004. Frå 2004 til 2009 var ho medlem av fagrådet i Kunnskapssenteret, dei siste tre åra som leiar. Frå 2008 var ho i Forskingsrådets styringsgruppe for stamcelleforsking. Ho var  varamedlem i Pressens faglege utval 2010–2018 og styremedlem i Vestre Viken HF 2010–2012. Frå 1996 har ho vore medlem av klinisk etikk-nemnd på Rikshospitalet, og frå 2019 har ho vore leiar for idrettsmedisinsk etikkutval. 

Førde har publisert ei rekkje vitskaplege artiklar og vore medforfattar for lærebøker om helsefagleg og medisinsk etikk. 

Førde har vore særleg synleg i samband med dopingsaker i idretten, der ho vert nyta som medisinsk og etisk ekspertkommentator i media.

I 2008 fekk Førde akademikarprisen, og i 2019 vart ho utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for arbeidet for medisinsk etikk gjennom mange tiår.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.04.2020