Religiøse sekter på friarferd
I oppbyggingsåra vart Høyanger flittig vitja av emissærar frå ulike trussamfunn.
Th. Gunnarson, som var prost i Sogn kring 1930, fortel at .........” Høyanger hev hatt trottug vitjing av dei sekter som vil byggje tusenårsriket: Russelistane eller bibelstudentane som dei sjølve kallar seg, og so ”Efraim og Manasse sønner og døtre”.
........" Båe desse samfund soknar til den religiøse kommunisme, dei fiskar i låke tider og i den sterke arbeidarrøsla”...........”Dissentarane elles er sovjet-internasjonalistar, sjuandedagsadventistar, jarlsbergianarar (Hans Nielsen Hauges Venner) og venteleg fleire. Høyanger-dissentarane er mest alle innflytjarar.”
I 1930 var det i Kyrkjebø sokn i alt 27 personar som ikkje stod i statskyrkja, dei fleste i Høyanger.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 05.05.2007