Hopp til innhold
X
Innhald

Sjukehusstriden i 1928

Høyanger sjukehus stod klart til bruk i 1934. Slik såg det ut dei første åra. Foto: Normann.

Høyanger sjukehus stod klart til bruk i 1934. Slik såg det ut dei første åra. Foto: Normann.

I 1928 starta den første harde runden med sjukehustrid i Sogn og Fjordane. Striden gjekk på kor mange sjukehus som skulle byggjast, og kvar dei skulle liggje.

I utgangspunktet gjorde fylkesmannen og departementet framlegg om to sjukehus: Eitt i Florø for Fjordane og eitt ein stad i Sogn. Nordfjordingane kom tidleg på banen med krav om eige sjukehus. Den styrtrike kunstnaren William Henry Singer jr. i Olden hadde først lova pengestøtte til nytt sjukehus i Florø. No trekte han lovnaden og bygde Nordfjord sjukehus for nordfjordingane på Nordfjordeid, opna i 1936.

Florøværingane bøtte på tapet av «Singer-pengane» med ei stor innsamling, og nytt fylkessjukehus stod ferdig i Florø i 1933. Men før florøværingane hadde fått reist sitt nye sjukehus, hadde Kyrkjebø kommune freista å stikke kjeppar i hjula for lokalisering av «Fjordane-sjukehuset» til Florø. Kyrkjebø kommune ynskte nemleg saman med kommunane i inste Sogn to sjukehus i Sogn: Eitt i Kyrkjebø/Høyanger og eitt i Lærdal. Eit sjukehus så nært som i Florø kunne truge planen om sjukehus i Kyrkjebø.

Sjukehusplanar på Leikanger

Etter sterkt press frå fylkesmann Hans Seip vart det vedteke å byggje berre eitt sjukehus for Sogn, lokalisert på Leikanger.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2010