Hopp til innhold
X
Innhald

Skul-Ola kunne signe

Før profesjonelle legar litt om senn vart tilsette kringom på bygdene på 1800-talet, var det lokale bygdedokterar og ”kloke koner” som folk søkte til for å få hjelp ved skade og sjukdom.

På sørsida budde det frå 1801 til 1878 ein mann som vart kalla Skul-Ola. Han heitte Ole Jensson Bjordal og vart omgangsskulelærar i Bjordal i 1820, berre 20 år gamal. Skul-Ola skulle vere synsk og kunne ”signe”, som ein sa om folk som hadde trolldomsevner eller kunne gjere folk friske. Det vert fortalt at Skul-Ola vart søkt av folk vide omkring, og han drog heilt til Solund for å lekje folk.

Ved signing framsa signekona eller -mannen merkelege bøner som skulle verke lekjande på den sjuke. Ei bøn som Skul-Ola nytta når folk fekk rusk i auget lydde slik: ”Jesus gik sig ud over Kierkegaard, læget Værk og Saar. I den treenige Guds Navn, Fader, Søn og Hellig Aand.” Deretter smurde han auget på pasienten med ein salve som han hadde på eit glas. Kor friske pasientane til Skul-Ola vart av slik omsorg, det kjenner ein lite til…

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.11.2009