Hopp til innhold
X
Innhald

Snøskred tok liv

Ei gamal segn fortel at to snøskred ein vinter la garden Indre Berge ved Høyangsfjorden øyde. Det eine skredet demde opp elva, og då demninga brast, sopa vatn, stein og grus med seg gardstunet. Både folk og dyr strauk med, men skadeomfang og årstal for hendinga er ikkje kjent. Bygdebokskrivarane gissar på at dette må ha hendt før 1300.

I 1885 vart det funne restar av hus, taknever og hesjar under djupe gruslag på garden. Tunet vart seinare bygt opp att på ein meir fonnsikker stad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2009