Hopp til innhold
X
Innhald

Sognefjordslina og vekstsenteret Førde

Riksvegen frå Balestrand til fergekaia på Kongsnes i Lånefjorden vart opna i 1971. Denne fjordlina kom som eit resultat av at Førde i 1965 var peika ut som vekstsenter.

Akergruppen hadde ei tid planar om å byggje stor motorfabrikk i Førde, og dette konsernet og andre Austlands-bedrifter sette som krav for etablering at Førde fekk betre veg mot Austlandet. Difor vart «fjordlina» Balestrand-Kongsnes forsert. Fergestrekninga Kongsnes-Nordeide tok 45 minuttar.

Les også om vekstsenteret Førde

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2008