Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivaren budde i Lavik

Vel to kilometer aust for Lavik ligg garden Ringreide. Denne garden var sorenskrivargard i 20 år på 1700-talet. I 1725 kjøpte sorenskrivar Oluf Hansen Giøe garden og budde der til 1745.

I 1776 kjøpte Anders Torkelson Indre Oppedal (1752-1821) frå sørsida halvparten av garden og busette seg der. Han tok seinare Ringreide som slektsnamn, vart lensmann og ættefar til ei slekt der det var mange lensmenn og ordførarar. Ein av desse var Mons A. Ringereide, som i 1922 fekk skipa ein husmorskule i Lavik (sjå Husmorskulen i Lavik). Les meir om: Den eldste historia i Høyanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.11.2008