Hopp til innhold
X
Innhald

Sørsida Bygdetun

Sørsida bygdetun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sørsida bygdetun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sørsida Bygdetun er eit omsorgssenter for eldre som vart bygt på Søreide i 1990. Første byggjetrinn med sju husvære vart reist av ei stifting som Brynhild Vamråk gjorde opptaket til ved å samordne innsatsen frå fem lokale sanitetslag på sørsida. Kommunen overtok Sørsida Bygdetun og utvida den med tre nye husvære i 2000.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.11.2009