Hopp til innhold
X
Innhald

Sportsklubben Falken

Frå ein fotballkamp mellom Falken og HIF (stripete drakter), truleg på 1930-talet. I fleire år vart det ikkje spela kampar mellom desse to Høyanger-laga. Falken høyrde til Arbeidernes Idrettsforbund og HIF til Norges Landsforbund for idrett, og det var brot mellom desse organisasjonane. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Frå Hydro-arkivet.

Sportsklubben Falken vart skipa i 1918. Første namnet var Turn og Atletklubben Falken. Ein invitt til samarbeid med det nyskipa HIF vart avvist, og i åra som fylgde vart dei to idrettslaga harde konkurrentar.

HIF utvikla seg til borgarskapets lag, medan «Falken» vart arbeidaridrettslaget, innmeld i Arbeidernes Idrettsforbund. Ekstra spiss på tevlinga vart det då verksdirektør Hygen sette opp «NACO-pokalen» i friidrett, som berre dei to Høyangerlaga kunne tevle om.

På same vis som i dei konkurrerande idrettsklubbane i Florø (sjå Historia i Flora), var bryting og boksing populære idrettar i arbeidaridrettslaget «Falken» i mellomkrigstida. I 1928 fekk Falken eiga boksegruppe som engasjerte eigen trenar frå Bergen.

Idrettsplassen Sletta i 1939. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Idrettsplassen Sletta i 1939. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Etter å ha vore sjølvstendig klubb i eit par år, gjekk Høyanger Roklubb innn i Falken i 1936. Rogruppa hadde eige naust med møtelokale. Også kvinnene fekk sleppe til på friidrettsbanen i mellomkrigstida, og Falken-jenta Anna Presthaug hadde eit par år Vestlandsrekorden i høgde. Laget hadde også store kvinnetropper i turn og handball.

I 1921 mønstra laget den første revyen i Høyanger, og sidan var den eit årvisst høgdepunkt i underhaldningslivet på industristaden.

Falken bygde eiga lagshytte på Siplo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Falken bygde eiga lagshytte på Siplo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om:Idrett og lagsarbeid i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 06.09.2010