Hopp til innhold
X
Innhald

Startproblem og utanlandske eigarar

Den provisoriske kraftstasjonen på Hjetland i februar 1917. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den provisoriske kraftstasjonen på Hjetland i februar 1917. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I desember 1917 starta turbinane i den nye kraftstasjonen, men det gjekk lenge før ein kunne støype dei første aluminiumsbarrane. Fabrikken stod klar, men mangla råstoffet oksyd. Dette skulle etter planen kome frå Frankrike, men franske aluminiums-produsentar stakk kjeppar i hjula.

Først i 1919 kunne aluminiumsverket i Høyanger starte vanleg produksjon. Men like etter fall prisane, og NACO var nær konkurs.

I 1922 måtte eigarane gje frå seg kontrollen over Høyanger-verket til det amerikanske selskapet ALCOA. På grunn av konsesjonsreglane for vasskraft vart eigedomane i Høyanger delte mellom to selskap: Det norskeigde A/S Høyangsfaldene eigde kraftverka og halvparten av aksjane i aluminiumsverket. Den andre halvparten eigde ALCOA, og sikra seg også styrefleirtalet.

Kaia i Høyanger i juni 1917. DS Fram og seglskuta Dyssart blir lossa ved ei provisorisk kai. Foto frå arkivet til Hydro.

Kaia i Høyanger i juni 1917. DS Fram og seglskuta Dyssart blir lossa ved ei provisorisk kai. Foto frå arkivet til Hydro.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2010