Hopp til innhold
X
Innhald

Tape Invent AS

Frå produksjonen i Tape Invent. Til venstre Hallgeir Hovland, til høgre Carl-Eric Melander. Foto: Tape Invent.

Frå produksjonen i Tape Invent. Til venstre Hallgeir Hovland, til høgre Carl-Eric Melander. Foto: Tape Invent.

Tape Invent AS i Vadheim vart skipa i 2004 av Tor Arne Skeie, Odd Arne Larsen og Frank Lian. Firmaet starta produksjon av såkalla cornertape for våtrom frå årsskiftet 2006-2007 i den nedlagde vegstasjonen i bygda. Det er teke ut patent på produktet i fleire land. Verksemda fekk seks tilsette frå starten.

Men i 2009 vart drifta stansa og to tilsette permitterte på grunn av den internasjonale finanskrisa. Produksjonen kom i gang att i august 2010, men verksemda vart seinare flytta til Godvik i Bergen.

Tape Invent har overteke den tidlegare vegstasjonen i Vadheim.

Tape Invent har overteke den tidlegare vegstasjonen i Vadheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2013