Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas Søreide

Jon Søreide landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jon Søreide landhandel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Thomas Søreide starta landhandel på Søreide i 1913 etter at han hadde vore nokre år i Amerika. Han vart også dampskipsekspeditør. Sonen Jon tok over i 1955 og bygde ny kai i 1968. Han dreiv butikken under firmanamnet Jon Søreide landhandel. Då Jon døydde i 1979 tok dottera Liv-Gunnbjørg Søreide over butikkdrifta. Nærbutikken på Søreide vart utvida i 1982 og 1991.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2010