Hopp til innhold
X
Innhald

Tilflyttinga skapte eigen dialekt

Desse karane som var unge på 1930-talet fekk ein dialekt som var ei blanding av mange målføre, både norske og svenske. Ulvar Natvik (t.v.) og Dagfinn Rusti utanfor ein butikk. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå 120 menneske i 1910, auka folketalet i 1920 til 953 personar. I 1930 hadde folketalet kome opp i 2.218. Høyanger hadde «over natta» vorte ein av dei største tettstadane i fylket.

Folk flytta dit frå heile landet, med sterkt innslag frå Austlandet. Denne miksen av ulike dialektar skapte grunnlaget for dagens særeigne Høyanger-dialekt, som skil seg klårt frå sognedialekten i nabobygdene.

I folkeskulen var det like mange bokmålsklassar som nynorskklassar.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 20.08.2010