Hopp til innhold
X
Innhald

Utvandringa til Amerika

Joseph Vadheim vart senator i Minnesota.

Joseph Vadheim vart senator i Minnesota.

I åra frå 1852 til kring 1925 utvandra det i alt 395 personar frå Klævold herred (Kyrkjebø kommune) til Amerika. Dei første som reiste i 1852 var Ingebrigt Brekke frå Ortnevik og Hans Sande.

Oppgåvene i bygdeboka viser at av dei som utvandra frå denne delen av Høyanger kommune var 236 menn og 159 kvinner i perioden 1852-1925. Det var frå gardane på Kyrkjebøstranda frå og med Ljotebø og til og med Berge at den klart største ”kontingenten” utvandrarar kom, med 51 menn og 30 kvinner.

Elles utvandra det frå Ortnevik 22 menn og 18 kvinner, frå søreidegrendene som går under samlenamnet Strendene 37 menn og 25 kvinner, frå Søreide, Sørbø og Østerbø 14 menn og 14 kvinner, Bjordal 16 menn og 10 kvinner, gardane frå og med Hest til og med Åkre åtte menn og sju kvinner, Norevikane og Ytredalen 22 menn og 23 kvinner, Vadheim med Indredalen og gardane aust for Vadheimsfjorden 31 menn og 14 kvinner, Høyangsfjorden 29 menn og ni kvinner, og frå Måren seks menn og ni kvinner.

Ein av dei mest kjende etterkomarane etter utvandrarar frå tidlegare Kyrkjebø kommune var Joseph Vadheim, f. 1895 i South Dakota. Han busette seg i Tyler i Minnesota og vart vald til senator frå denne delstaten.

Det er ikkje utarbeidd tilsvarande oppgåver over utvandringane frå Lavik-området.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2010