Hopp til innhold
X
Innhald

Vadheim Samvirkelag

Sagen-huset, der Vadheim Samvirkelag heldt til frå 1937 til 1955. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sagen-huset, der Vadheim Samvirkelag heldt til frå 1937 til 1955. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vadheim Samvirkelag vart skipa i 1937. Den første tida leigde samvirkelaget i det såkalla Sagen-huset på øvre sida av riksvegkrysset i Vadheim, før dagens forretning vart bygd på nedsida av riksvegen i 1955. Bygget vart utvida i 1981.

I 1977 vart samvirkelaget i Vadheim ei avdeling under Førde Samyrkelag som sidan vart basis for den nye storeininga Coop Sogn og Fjordane. I dag heiter butikken i Vadheim Coop Marked Vadheim.

Coop Marked Vadheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Marked Vadheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.11.2009