Hopp til innhold
X
Innhald

Vegsambandet Vadheim-Sunnfjord

Ei av bruene på Den Trondhjemske Postvei i Ytredalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei av bruene på Den Trondhjemske Postvei i Ytredalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1785 til 1837 var Den Trondhjemske Postvei den viktigaste sambandsåra nord-sør i Sogn og Fjordane. I Ytre Sogn gjekk den etter lina Eivindvik-Rutledal. Leirvik og over til Flekke i Fjaler.

Dette linevalet sigra i si tid over Vadheimslina etter iherdig lobbyverksemd frå offiserar og andre embetsmenn som budde i Fjaler og Hyllestad. Men «sigeren» var kortvarig: Den klårt beste og kortaste lina gjekk Vadheim-Førde. Arbeidet med utbetring av den gamle vegen gjennom Ytredalen starta kring 1800, og i 1837 vart ny køyreveg Vadheim-Sande-Førde opna. 15 år seinare vert den omtala som ein av dei «meest befarne Veie» i fylket.

Den Trondhjemske Postvei lengre vest vart offisielt nedlagt i 1867. Vegen Vadheim-Førde vart i perioden 1895 til 1906 utvida til fire meters breidde.

Ei av dei gamle steinbruene frå den første vegen i Ytredalen er restaurert og kan sjåast frå E39.

E39 gjennom Ytredalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

E39 gjennom Ytredalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2010