Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandske Treforedling A/S - VeTreFo

Fabrikkbygningen etter VeTreFo i Vadheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fabrikkbygningen etter VeTreFo i Vadheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestlandske Treforedling A/S – VeTreFo - bygde i 1959 den første og hittil einaste tremassefabrikken på Vestlandet i Vadheim. Råstoffet skulle vere vestlandsk lauvskog. Men leveransane svikta, og fabrikken gjekk konkurs i 1971.

Vestlandske Treforedling A/S - VeTreFo - vart skipa av Vestlandske Skogeigarsamband i med sikte på å byggje ein tremassefabrikk som skulle utnytte lauvskogen på Vestlandet. Cellulosefabrikken vart bygd på Hovlandsøyra, og bygningen står der framleis.

Sviktande råstoffleveransar

Fabrikken dreiv i periodar med tre skift og hadde 40-50 tilsette. Mange av arbeidarane var tilflyttarar. Men leveransen av lauvskog frå Vestlandet svikta. For å halde hjula i gang måtte VeTreFo importere store mengder lauvskog frå Polen og Danmark, og gjekk med store tap. VeTreFo gjekk konkurs i 1971. Dei ledige arbeidarane tok seg arbeid på verket i Høyanger og ved skipsverftet i Leirvik.

Vadheim Næringspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim Næringspark. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Oppdrett og næringspark

Fabrikkanlegget med djupvasskai stod ubrukt i mange år. Forretningsmannen Pedro Ytredal kjøpte anlegget i 1972. I 1980 starta dottera Werna Ytredal firmaet Pedrolaks som dreiv smoltoppdrett på tomta. Også dette gjekk konkurs i 1994, og kommunen overtok for å byggje ut ein såkalla næringspark på tomta; Vadheim Næringspark. –Sjå elles artikkelen: Forretningsfamilien Ytredal. I år 2001 etablerte det danske selskapet Berentsen Tekstilservice eit større vaskeri i dei gamle fabrikklokala i Vadheim. Seinare overtok Nor Tekstil (sjå BB Gruppen AS) med hovudkontor i Florø vaskeriet, som i 2014 hadde fire tilsette. Men i januar 2014 vart drifta mellombels stansa på grunn av stor nedgang i oppdragsmengda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.01.2014