Hopp til innhold
X
Innhald

Å. Høydal Skoverksted

vart starta i Sørbøvåg i 1939 av Åsmund Høydal.

Han dreiv då ein verkstad med tre tilsette i Ulvik, og produserte m.a. beksaumstøvlar og arbeidssko. Under krigen auka arbeidsstokken til sju. I 1945 utvida han arealet og var på det meste oppe i 13 tilsette.

Laga kopi av Aurlandskoen

Den store artikkelen var såkalla «Åfjord-sko» – ein etteraping etter den meir kjende Aurlandskoen. Det vart også produsert lettare spasersko og sandalar.

Avvikla på 60-talet

Skofabrikken vart omskipa til Sørbøvåg Skoverkstad A/S i 1951, og drifta redusert. Utover 1950-talet vart det også produsert dokumentmapper og handlevesker i skinn, og lammeskinnsfora skaftesøvlar. I 1962 vart firmaet med maskinar og varelager selt til Johan Lien Skoverkstad, men produksjonen av ferdigvarer vart etter kort tid avvikla.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.09.2010