Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas Jacobsen Salbu

Andreas Jacobsen Salbu var første ordføraren i Hyllestad.

Andreas Jacobsen Salbu var første ordføraren i Hyllestad.

Andreas Jacobsen Salbu (1806-1893) frå Salbu. Bonde og lærar og første ordføraren då Hyllestad vart utskild som eigen kommune i 1861.
Han vart same året rekneskapsførar i kommunen.

Han dreiv også fiskebruk og deltok i sildefisket ved Kinn, der han og to andre frå Hyllestad sette opp saltebu.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.09.2010