Hopp til innhold
X
Innhald

Anfin Anfinson Øen

Anfin A. Øen var stortingsrepresentant i seks år.

Anfin A. Øen var stortingsrepresentant i seks år.

Anfin Anfinson Øen (1868-1928) frå Hyllestad, busett i Vik. Lensmann, bankdirektør 1899-1928 og Venstre/Bondeparti-politikar. Gjekk jordbruksskule, og var tilsett ved fylkeslandbrukskontoret 1889 - 1897. Lensmann i Vik frå 1897 til 1928, og bankdirektør i Vik Sparebank 1899 - 1928. I Vik kjøpte Øen den vakre villaen i sveitserstil som ligg like ved riksveg 13, og som sidan har vorte kalla «Øen-huset». Han leia elles bygginga av Vikjahalli i 1911.

Medlem av Vik kommunestyre 1900-1925, styremedlem i Gaulasamskipnaden, formann i kommunikasjonsnemnda i fylket og formann i Sogn og Fjordane Landbruksselskap. Representant i Selskapet for Norges Vel frå 1909.

Omstridd hesteeksport

Under første verdskrig ivra Anfin Øen for norsk hesteeksport til Danmark. Denne eksporten vekte strid i det nøytrale Noreg, fordi ein rekna at hestane vart sende vidare til Tyskland for bruk i krigføringa (sjå Historia om hesteavlen i Sogn og Fjordane).

Øen var stortingsrepresentant frå 1922 til han døydde i 1928. Han var den første representanten for Bondepartiet frå Sogn og Fjordane etter at det var skipa i 1921. Øen var før det vararepresentant til Stortinget for Venstre 1906-1909, 1913-1915 og 1919-1921.

Sentral i landbrukspolitikken

Anfin Øen var mellom dei fremste landbrukspolitikarane i Noreg i dei første tiåra av 1900-talet. Han var styreformann då Nordre Bergenhus amts landhusholdningsselkap (sjå Dei første landbruksorganisasjonane) i 1908 gjorde framlegg om at Staten skulle gje årlege løyvingar til nydyrking over statsbudsjettet. Trass motstand og skepsis frå Landbruksdepartementet, fekk han eit samrøystes Storting til å vedta ordninga. Denne ordninga vart avgjerande for den sterke auken i nydyrkinga som fylgde i tiåra etter.

Anfin Øen var elles formann i Vestlandske Kjøpelag (sjå artikkel om Innkjøpssamyrket for jordbruket) frå laget vart skipa i 1901 og dei første 11 åra, og var medskipar av Vestlandske Salslag i 1920. I 1919 vart han formann i den nasjonale jordkommisjonen.

Far til Anna Øen og Finn A. Øen (sjå Vik kommune).

Villaen Øen bygde i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Villaen Øen bygde i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.09.2010