Hopp til innhold
X
Innhald

Arthur Brensdal

Arthur Brensdal (1917-1943) frå Brensdal aust for Leirvik.

Arthur Brensdal (1917-1943) frå Brensdal aust for Leirvik.

Saman med broren Hjalmar Brensdal kom han på mystisk vis vekk då dei den 24. februar 1943 hadde planar om å røme til England, men fekk i oppdrag å skysse ein tysk soldat og ei gift norsk kvinne frå Korssund og til ein stad i Førdefjorden. Den deserterande tyskaren og kvinna dukka seinare opp i Sverige. I 1976 vart vraket av båten til Brensdals-brørne – «Brenning» – funnen på grunt vatn ved Gjøringbøvika nær Vevring.

– Sjå elles under Naustdal kommune om ”Brenning”-mysteriet og Brensdals-brørne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.09.2010